søndag, januar 19, 2014

Eg legg meg flat!

Kven hadde trudd?

Eg hadde iallfall ikkje trudd.

Du lev jo i beste velgåande. Det er nesten litt skummelt. 

Internett er rett og slett skummelt.

Her er du, mange år etter at eg forlot deg, og aldri såg meg tilbake.

Heldigvis, eller kanskje beklagelegvis, så var eg så lur, for mange år sidan, at eg sletta det eg hadde gjort.

Men tydelegvis så sletta eg ikkje heile deg.

Stakkars deg, eg syns litt synd på deg.

Du har stått her i mange år, utan at eg har tenkt på deg, og verst av alt, du har stått her heilt naken!!

Det sømer seg ikkje. Eller det har sikkert ikkje gjort noko, for det blir jo sagt, at det er befriande å gå naken rundt åleine. Og åleine er jo det du har vore.

Mutters åleine.

Men no legg eg meg flat. Du har fått ei lita underbukse på, i form av eit einsleg innlegg.

Eg trur nok det kan bli like lenge til neste gong.