...i den Axe-reklamen som går på TV for tida....der er noko eg ikkje forstår!
Der går tre steinalderkvinner inn i skogen og møter på tre nakne menn..kvifor var dei mennene nakne?
Eg berre lure eg altså...
Livet sett i froskeperspektiv, også kalla Åsmundperspektiv...
...i den Axe-reklamen som går på TV for tida....der er noko eg ikkje forstår!
Der går tre steinalderkvinner inn i skogen og møter på tre nakne menn..kvifor var dei mennene nakne?
Eg berre lure eg altså...
Ver så snill å les både her og her!!
Sjå også denne videoen!


Til Mamma:
I dag åt eg fersk, stekt ørretfilet med kokte poteter, agurksalat og rømme attåt.
Og ja, eg lagde alt sjølv.
Til Pappa:
Dette kosta meg berre 35,- til saman, sidan ørretfileten var på tilbod!!
Og du fekk vel med deg at eg åt kokte poteter!?! Dvs mat som du også klarar å ete!
Ein av mine faste rutinar når eg er ein tur innom det O'Store Internett, er å besøke NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Dette pga at det er den beste nyhendesida for nyheter i Sogn og Fjordane - Trivselsfylket. Eigentleg syns eg at NRK Sogn og Fjordane kan bytte namna til NRK Trivselsfylket. Det hadde vore noko det!
Men no har eg altså vore innom NRK Trivselsfylket sine nettsider klokka 12.30 på ein søndag, og skal seie at ting gjekk hardt føre seg i går, på ein laurdagskveld. Dette var dei øverste sakene som var der:
Etterlyser to bilar
Politiet ønskjer tips og etterlyser to stasjonsvogner etter at 75 laptopar vart stolne frå skule.
17-åring til lege
To 17-åringar slått til på to festar.
Schäfer gjekk til angrep
Ein hundeeigar fekk ei utriveleg oppleving.
Mann slo til ung kvinne
Måtte tilbringe natta i arresten
18-åring slått i ansiktet
Og ein mann køyrde utan førarkort og ein anna vart sendt til avrusing.
Teken med amfetamin
Politiet fann amfetamin på rusa mann.
Men det var ikkje berre nyhende som var sjokkerande eller triste, den neste nyheita var av det svært gamle slaget:
For feit for salto
Fylkeslaget vann laurdag kampen mot Drillos-98. "Mini" meinte han var ute av form.