onsdag, august 31, 2011

Listefyll

Det er val, og eg trur eg var blant dei første i landet til å stemme. Allereie før førehandstemminga var opna, fekk eg lov til å stemme på kommunehuset i Stryn. Eller kommuneetasjen er kanskje det rette ordet. Det er 4. gongen eg har fått lov til å stemme, og også 4. gongen eg stemmer på meg sjøl. Også denne gongen som eit såkalla "listefyll". Det er jo dei det er flest av på listene, både ved kommuneval, fylkestingsval, stortingsval, soknerådsval og bispedømmeval. 99% av alle som står på listene er jo listefyll. For fire år sidan var eg listefyll som nr. 4 på lista. I år er eg plassert som nr. 19. Men listefyll like heilt. Somme er også listefyll som er plassert som 1. plass. Ikkje for å snakke nedlatande om partiet t.d. Demokratane, men er du på 1. plass der, så er du vel i bunn og grunn listefyll. Men er listefyll ein bra ting eller ein dårleg ting? Eg har vore medlem av valkomiteen til soknerådsvalet heime eit år. Og av ein eller Anna grunn er det vansklegare å finne listefyll enn listetoppar. Eg er glad i å vere listefyll, eg. For to år sidan sa eg ja til å vere listefyll, men nei til å vere så høgt oppe på lista at eg ikkje kunne karaktirisere meg som listefyll. Eg meiner listefyll er stas, eg. Tenk om vi ikkje hadde hatt alle dei tusener som har takka ja til å vere listefyll, meg inkludert? Det hadde blitt eit kjedeleg val! Då kunne jo ikkje eg stemt på meg sjøl, og det syns eg hadde blitt litt kjedeleg. Veldig kjedeleg!
Med tanke på at eg allereie har stemt, så har eg allereie begynt å glede meg til 2013, då eg på nytt, (forhåpentlegvis) kan stemme på meg sjøl ved stortingsvalet. Kanskje som listefyll, eller kanskje på topp. Eller, kven er det eg prøvæ å lure? Så klart blir det som listefyll, men det er jo alltids lov å håpe på at valkomiteen vil ha ein som alltid har vore listefyll på topp, men listefyll trengs jo alltids i alle samanhengar!

0 kommentar(ar):