22 Et lykkelig hjerte gir mennesket liv, og glede forlenger livet. 23 Ta det med ro og sett mot i ditt hjerte, og hold bekymringene langt borte; for bekymringer har gjort det av med mange og har aldri ført til noe godt. 24 Misunnelse og vrede forkorter livet, bekymringer gjør deg gammel før tiden. 25 Glede i hjertet gir god matlyst så en setter pris på det en spiser.
Nordfjording på Gjøvik.
Var ung og ikkje minst lovande. Statskyrkjemedlem, SV-medlem og ein smule rojalist. Ei salig blanding, men veldig godt fornøgd med den. Nyter livet ifrå froskeperpektiv.
I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg. Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv, trur eg. Eg skal aldri skråla visor meir i laddevinsrus, men syngje åndelege songar på Zions bedehus, trur eg. Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan, trur eg, og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kapellan, trur eg. Eg skal sitja som ein munk i ein misjonskone-ring, og drikka kaffi medan drøset går om åndelege ting, trur eg. Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt, trur eg, koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt, trur eg. Eg skal leggja meg når grisen går til kvila i sitt bol, og stå upp når hanen flaksar og gjel i morgonsol, trur eg. Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg, som sagt, trur eg, taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt, trur eg. Men idag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst at eg mest må ha eit ølkrus til å læske meg på fyrst, trur eg.